«Herre, må ingenting vengjene binda»

– er en sang av Lina Sandell, eller, slik det står i Metodistkirkens salmebok fra 1941, Lina Berg, f. Sandell. Den står som nr. 501 i ovennevnte salmebok og er oversatt fra den svenske teksten : «Herre, låt ingenting binda de vingar». Vi husker denne spesielle salmen med den særegne melodien; her er den :

-1-

Herre, må ingenting vengjene binda, Dei som av nåde du gav meg ein gong.

Gjev at eg fri opp frå jord kan meg svinga, Æra ditt namn med mitt liv og min song.

-2-

Snaror ligg strødd i løynd etter marki, Hjelp så eg aldri vert fanga i deim,

Men over snarone skunda mot arki, Famnen din, Herre, min sælaste heim.

-3-

Fårar så freistande fins her på ferda, Må eg då aldri her nede slå bu !

Nei, av Guds huslyd ein lem eg vil vera, Må då min lengt støtt mot himlen seg snu !

-4-

Å, så hald vengjene frie, eg bed deg, Styrke dei gjev så dei alltid held ut !

Løys dei frå alt som vil festa deim ved seg. Sjølv veit du best kva det er, du min Gud.