Ved sogneprest Olav Totlands bortgang 26. juli 1996 – minneord i «Bergensavisen»
– det som tidligere het «Bergens Arbeiderblad» – for torsdag 8. august og skrevet av den spesielle skribent Ludvig Jerdal :
Sokneprest Olav Totland, Bergen, er død. Han var fødd i Bergen 11. september 1904 og vart soleis nær 92 år. Med han er ein aktiv prest og politikar gjengen burt, ein mann som sette merke etter seg og som vann seg mange vener.
Olav Nikolai Totland voks upp i ei tid med trong økonomi og stor arbeidsløysa. Han gjekk Bergens to-årige handelsgym, og han var kontormann frå 1922 til 1929, samstundes som han studerte. Han vart student i 1928, og cand. theol. frå Menighetsfakultetet i 1934. Same året tok han praktikum, og han vart ordinert i 1934.
Han var klokkar-prest i dåverande St. Olav menighet i Bergen 1930, vart sekretær hjå Bjørgvin biskop i 1933, hjelpeprest i Årstad menighet i Bergen 1940, og han var sokneprest i Bruvik frå 1948, og sokneprest i Nykirken i Bergen 1959-74.
I Bergen var Totland med i bystyret, vald av Arbeiderpartiet, han var formann i Bergen skolestyre, vart varamann til Stortinget i 1965, og frå 1967 til 1973 var han stortingsmann. Han var formann i Norges Kristne Arbeideres Forbund 1969-72, han var aktiv i Blå Kors-arbeidet, og han var regjeringsuppnemd (regjerings-oppnevnt) medlem av offentleg Ekteskapslovutvalg 1971-85.
Ogso etter pensjonsalder var Olav Totland aktiv som prest og i andre uppdrag, til dess helsevanskar for nokre år sidan sette stengje for aktiviteten. Som politikar var han sakleg, og han åtte evna til å finna praktiske løysingar. Og i kyrkjelydane sine var han avhalden og høgt vyrd.
LUDVIG JERDAL